tirsdag 13. januar 2015

Undervisning i lokalhistorie og rettleiing i oppgåveskriving

Da er vårsemesteret i full gang, og mi hovudverksemd blir å drifte studieemna HI204 Lokal-, familie- og mikrohistorie (med i hovudsak fjernstudentar, per i dag 17 påmeldte) og HI100 Historisk innføringsemne for andresemesterstudentar her i Volda (per i dag 19 påmeldte). I tillegg skal eg rettleie i alle fall tre som skriv individuell bacheloroppgåve (HI210) og to som skal levere prosjektskisse til masteroppgåve i kulturmøte (KUM302).

Semesteret kjem altså i stor grad til å bestå av rettleiing i oppgåveskriving på alle nivå (eg er framleis birettleiar til ein phd-kandidat, som vonleg leverer avhandlinga si dette semesteret).

HI100-emnet er delt i to, der ca. 1/3 består av "ex- fac."-stoff, humaniora og antikken, og resten av å skrive ei sjølvstendig oppgåve innafor eit tema vi tilbyr, men som kan variere frå år til år. Eg tilbyr i vår HI100-studentane å skrive lokalhistoriske oppgåver, medan kollega Marte tilbyr slaveri og slavehandel i afrikansk historie. Fordelinga av dei 19 på desse to temaa får vi i løpet av neste veke - da veit eg kor mange eg skal rettleie.

Innafor ex.fac.-delen har eg elles ei innføringsførelesing i romersk historie og ansvaret for ein studietur til Roma i veke 12 - kjekt, men slitsamt.

HI204-emnet er og todelt, med eit metodepensum kring lokalhistoriefeltet i brei forstand . Denne delen er - som dei andre emna våre - delt i faglege tyngdepunkt:
1. Kva er lokalhistorie? Vitskapsfaget, rørsla og kunnskapsfeltet
2. Kva bør lokalhistorie vere? Lokal identitet og stadproblematikk
3. Lokalhistorisk teori og metode del 1
4. Lokalhistorisk teori og metode del 2
5. Lokalhistoriske sjangrar
6. Dei minste einingane, lokal- vs. mikrohistorie
7. Familiehistorie del 1: Livsgrunnlaget og den økonomiske fellesskapen
8. Familiehistorie del 2: Familien som kjensle- og omsorgsfellesskap
9. Kjelde- og arkivkunnskap
- som pensum er fordelt på. Til kvart tyngdepunkt har eg skrive ein såkalla leksjon, der eg går igjennom delar av pensumstoffet og prøver å knyte det saman. I tillegg får studentane studiespørsmål til kvart tyngdepunkt dei bør arbeide med, og dette semesteret prøver eg òg å lage kvissar, fleirvalsspørsmål kopla nokså nært til pensum, som eit hjelpemiddel i lesinga.

Den andre delen av HI204 er å skrive ei sjølvvald lokalhistorisk oppgåve, tilsvarande HI100. Her har eg eit par timelærarar som hjelper til med rettleiinga, slik at eg ikkje får alt for mange overtimar på arbeidsplanen for våren.

Hovudutfordringa for desse studentane er å velje tema for oppgåve, greie ut om temaet og finn relevante kjelder og bakgrunnslitteratur. Særleg nokre av dei som ikkje har gjort slikt før slit med å skjøne forskjellen mellom (primær-)kjelder og (sekundær-)litteratur.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar