mandag 18. januar 2016

Om busetnadshistoriesjangeren i ei meir og meir digitalisert tid

Mitt første trykte bidrag om digitalisering er frå 1983 (helst -82 pga. trykketida den gang). Eg vart da spurt av min rettleiar til hovudfag, Jørn Sandnes om eg ville lese manuskriptet til den handboka i lokalhistorie han hadde skrive. Eg hadde ikkje så mykje å bidra med til hovudteksten, men eg påpeikte at den nye elektroniske databehandlinga som no begynte å bli tilgjengeleg kanskje burde vore nemnt i boka. Sandnes kom da attende og bad meg like godt skrive eit avsnitt om det (s. 120-122). I 1990 oppsummerte eg så stoda i artikkelen EDB og gards- og slektshistorie, trykt i Heimen nr. 4 / 1990 s. 227–241.

Ti år seinare vart eg invitert av Norsk lokalhistorisk institutt til å snakke om framtida for gards- og slektshistorie ved seminaret deira: Framtid for den lokale fortida? i Tønsberg i oktober 2000. Foredraget vart trykt i 2001, og analysen galdt sjølvsagt stoda den gang, ved hundreårsskiftet. Internett (som eg hadde tilgang til frå 1994) og Digitalarkivet (etablert i 1998) er så vidt nemnt...

Alt da var eg i gang med prosjektet med å utvikle dataverktøyet Busetnadssoge (BSS), som verktøy for bygdebokforfattarar. Sjølve det databasetekniske utviklingsarbeidet, og vedlikehaldet av BSS, er det som nemnt i eit tidlegare innlegg Ole Martin Sørumgård ved Snøhetta forlag a.s som har hatt og har æren og ansvaret for. Prosjektet vart i 2009 inkludert i eit "konsortie" som først fekk 2 mill i forprosjektmidlar og i 2013 25 mill. frå Noregs Forskingsråd til å utvikla eit Norsk historisk befolkningsregister (HBR). BSS har i oppdrag å utvikle eit format for sine bygdebokdatabasar slik at dei kan overførast til HBR.

Utover 2000-talet var eg sterkt engasjert i tre bygdebokprosjekt relativt parallelt (sjå her), og i tillegg vart eg spurt om å gi råd til fleire kommunar og historielag som ville i gang med slike prosjekt (m.a. Stryn 2004 og 2007, Herøy 2006, Haram 2006, Alta 2008 og Surnadal 2009). I tillegg skjedde det som kjent mykje innafor den digitale verda dette tiåret, også relevant for slike prosjekt. Utanom utviklinga av Internett og sosiale media (som begynte å vekse) var kanskje dei to viktigaste elementa a) digitale kamera og skannarar for privat bruk og b) vidareutviklinga av skanneteknologien slik at Arkivverket kunne skanne dei titusenvis av mikrofilmrullar med kjeldemateriale dei hadde på lesesalane sine. Når så desse skanna mikrofilmbilda kunne leggast ut på nettet opna det seg ei heilt ny verd for kjeldegransking utanom arkivinstitusjonane. Når Arkivverket så etter litt nøling opna for at ein ved lesesalsbesøk kunne bruke eige digitalkamera til å avfotografere dokument som ikkje var mikrofilma, endra arbeidsforholda for bygdebokforfattarar seg grunnleggjande. Nå var det ikkje lenger nødvendig å budsjettere med langvarige arkivopphald - dei viktgaste kjeldene ligg på nettet, og når det gjeld anna kan ein ta eit par dagar på arkivet og raskt avfotografere 2-3000 sider.

På 2010-talet har utviklinga gått vidare. Arkivverket skannar nye kjelder, t.d. folketeljinga frå 1891, som ikkje vart mikrofilma i si tid pga. formatet (hus- og personsedlar) og betydeleg mengda andre kjelder relevante for busetnadshistorisk arbeid. Det nye i denne perioden er så Nasjonalbiblioteket sin visjon om å digitalisere alle samlingane sine og publisere så mykje som muleg av dei ope på nettet.

I 2008 kom Norsk lokalhistorisk institutt med ein ny nettstad, lokalhistoriewiki, der kven som helst kan registrere seg og skrive. På den tida var mange historielag o.l. komne på nett med eigne sider, normalt på webhotell, som dei som regel betalte for. Ulempen med slike i forhold til lokalhistoriewikien er at sistemnde er gratis og blir drifta av NLI og vil vere oppegåande i overskueleg framtid, medan dei fleste andre vil vere avhengige av eldsjelar til å hald dei gåande.

Kva for konsekvensar kan denne utviklinga få for busetnadshistoriesjangeren?

Den digitale busetnadshistoria

Mange har spådd at sjangeren kom til å døy ut (sjå bidraget mitt frå 2000). Andre har spådd at slektsgranskingsverktøy eller e-bøker vil ta over for papirboka. Fleire har prøvd seg på å utvikle ei form for "bygdebok på nett", utan har nokon så langt eg har oversyn har funne den optimale løysinga.

Kommuneøkonomien har stramma seg til, og fleire lurer på korleis det er råd å få til slike bokverk i framtida. Eg har ved fleire høve fleipa med at eg er glad for at faget mitt er fortida, ikkje framtida, så det er ein viss risikosport å prøve å spå også om slike tema.

Fleire spørsmål reiser seg: vil internett / e-bøker fortrenge papirboka? Til ein viss grad, men det går seint. Mange vil framleis ha ei fysisk bok dei kan bla i. No er etter kvart mange eldre bygdebøker komne på nett, t.d. mi første, Lesja bind 1. Dette formatet er nyttig for direkte oppslag, og ein stor fordel er at ein kan søke på tekststrengar (t.d. eit spesielt slektsnamn). Men kor kjekt er det å lese ei bok slik (det er viss berre ein, leiaren i bygdeboknemnda, som verkeleg har lese Lesjabøkene frå perm til perm:)?

Men utan omsyn til format: det må sjølvsagt gjerast eit betydeleg arbeid før slike bøker kan publiserast, enten det no er på papir eller på nett / elektronisk. Sjølve publiseringa er etter kvart blitt betydeleg rimelegare enn for ein generasjon sidan - no er t.d. fargebilde vanleg i slike bøker.

Innhaldet i slike bøker har to element: gardshistorie og "slektshistorie", som eigentleg er ei opplisting av kjernefamiliane under kvar sin bustad med krysstilvisingar slik at ein kan følgje slektsledd og korte flyttingar. Gardshistorieteksten har ikkje strenge sjangerkrav - den blir skriven på mange forskjellige måtar, frå svært utfyllande til svært enkel. Dei to elementa blir òg i mange tilfelle fletta saman.

Men "slektshistoria" (befolkningshistoria) må vere nøyaktig og tilnærma utan feil, særleg i det som står om den nyaste perioden, manns minne (sjå nedafor). Det er derfor etter mitt syn det elementet i slike prosjekt som utførast på ein fagleg forsvarleg måte. Metoden har vore kalla utvida familierekonstitusjon, fordi ein vanlegvis nyttar mange fleire kjelder i slik arbeid enn i reine historisk-demografiske prosjekt.

For like godt å gå til konklusjonen: eg meiner at det per i dag (2016) - viss ein vil prøve å få til eit slikt prosjekt utan fullfinansiering av hovudarbeidet, den utvida familierekonstitusjonen innafor grensene til det området ein vil ha med (typisk ein noverande kommune) og skriving av gards- og / eller grendehistorie (sjå mitt 2001-bidrag) kan dette gjerast gjennom følgjande tiltak:
  • kjeldegrunnlaget, først og fremst kyrkjebøkene, men helst òg relasjonsinformasjonen i skifteprotokollane, må dataregistrerast og gjerne publiserast på Digitalarkivet (-pensjonatet)
  • alle dei registrerte kjeldene må konverterast til BSS-formatet og importerast i det programmet eller eit med same funksjonalitet viss det finst
  • ein kvalifisert person må ha hovudansvaret for å lenke saman kjeldeinformasjonen til personar og familiar, og plassere desse ut på dei bustadene dei budde på
  • i ein trykt versjon bør gardshistorieteksten avgrensast til eit minimum: t.d. nokre reine kjeldebelagte faktaopplysningar (namnetolking, talet på bebuarar ved folketeljing, tidspunkt for tinglyste delingar, overdragingar o.l.) og kart som viser bustader som har tilknytte familiar
Det siste punktet treng nok litt utdjuping. Eg har hatt mange studentar som skriv lokalhistorieoppgåver om gardar dei har hatt tilknyting til, og elles sett mange stader, at det er fullt muleg å skrive heile bøker om enkeltgardar viss ein verkeleg går i djupna. Det er sjølvsagt umuleg i tradisjonelle bygdebokprosjekt. Derfor vil eg tilrå at  ikkje skriv element av slik historie inn i ein tekst som skal trykkast og dermed blir "fiksert", utan mulegheit til å rette feil, supplere osv. Det ein i staden gjer er å skrive gardshistoriene på lokalhistoriewikien. Der er til tilnærma ikkje noko avgrensing i kva tema ein kan ta opp eller kor mange bilde ein kan publisere, og like viktig: ein kan lenke opp til ordforklaringar, tilgrensande artiklar om personar med tilknyting til garden (men òg til andre tema i bygda eller landet).

Det kan vere fornuftig at det er den som arbeider med lenkinga av familieinformasjonen som etablerer ein basis wikiartikkel for kvar gard, der ho / han gjerne kan legge inn lenker til viktige primærkjelder, til overbyggande artiklar om grender eller namnegardar o.l., og så la eigarar, folk med røter på garden eller andre vidareutvikle innhaldet. På lokalhistoriewiken blir dermed gardshistoria dynamisk og kan byggast ut i mange retningar. Og det er muleg å ta utskrifter, viss ein vil lese på papir.

Altså: den trykte versjonen inneheld stort sett berre dei reine familiane med vitalopplysningar plasserte ut i ein busetnadsstruktur, og så fyller ein opp med både gards- og personinformasjon på wikien.

Likevel er det altså ei viktig utfordring også med den løysinga: den nyaste tida, familieinformasjonen frå 1930-åra og framover, der grunnlagskjeldene i stor grad er sperra av personvernomsyn (sjå gjerne artikkelen min om dette i Lokalhistorisk magasin nr 2, 2008 s. 32-34). Det kan løysast med eit grep som ikkje har vore særleg vanleg, men i alle fall nytta i verket for nabobygda her, Ørsta. Der er "slektshistoria" delt i to, "Ørstingar" bd. 1 har personinformasjonen fram til 1900, og bd. 2 har personinformasjon 1900-1998.

Fordelen med ei slik løysing, der 1920 eller 1930 kan vere brotpunktet i dag, er jo at da unngår ein å måtte vente til det manuelle arbeidet med å samle inn person- og flytteinformasjon frå den siste perioden er "fullstendig" (noko det aldri blir) før ein kan trykke ei bok og få salsinntekter.

Og dermed oppfordar eg til kommentarar og synspunkt nedafor her :-)

onsdag 13. januar 2016

Bergefisken

FoU-innsatsen min det siste halvåret vart sjølvsagt begrensa av SlektsMOOC-prosjektet, så det vart ikkje mykje tid til å fordjupe seg fagleg. Men eg vart litt før jul i 2014 invitert til å delta på eir seminar om fjellfiske i fortida på Norsk Fjellmuseum i Lom, og klarte ikkje å seie nei...

Eg hadde lite å bygge på - har ikkje studert slik aktivitet i fjellbygdene før, så det var eigentleg ein risikosport når resultatet skulle publiserast for fagfellevurdert artikkel i ein antologi. Men eg har lurt litt på eit spesielt omgrep eg fann i dei gamle kjeldene frå Gudbrandsdalen da eg arbeidde med bygdeboka for Lesja: bergefisk som landskyldvare. Eg hugsa det hadde vore nokre innlegg i Årbok for Gudbrandsdalen om fenomenet, og tenkte eg kunne prøve meg på det.

Det viste seg sjølvsagt å bli meir krevjande enn eg trudde (som vanleg), og eg klarte ikkje å få ferdig artikkelen før no rett over årsskiftet. No er den sendt til fagfellevurdering, og viss fagfellen(e) ikkje er for kritiske kjem den på trykk i løpet av våren / året. Når boka er vel ute kjem eg til å legge manuskriptet ut på Academia-nettstaden min.

fredag 8. januar 2016

Slektsgransking (SlektsMOOC)

2015 gjekk unna, det vart for travelt med andre oppgåver enn å skrive her. Skal prøve å skjerpe meg.

Vårsemesteret gjekk med til å gjennomføre to emne med lokalhistorie (HI204 og HI100), og å utvikle emnet SlektsMOOC, der eksamensvarianten vart SLG121MOOC (7,5 stp.), i samarbeid med Norsk Slektshistorisk Forening (NSF) og DIS-Norge Slekt og Data. Dette vart eit krevjande prosjekt. Vi la rammene for det faglege innhaldet i fjor vår og lanserte det 15. juni. Tilbodet vart ikkje annonsert, men spreidde seg sjølvsagt raskt gjennom sosiale medier.

Hovudutfordringa også her vart å produsere innhald for ei deltakargruppe der vi ikkje kunne rekne med å ha tovegs kontakt med anna enn ein del: dei ivrige og interesserte, og der bakgrunnskunnskapen varierte frå absolutt blank (ikkje ein gang studiekompetanse) til lang røynsle med faget.

Vi kunne ikkje ha arbeidskrav anna enn for dei som ville ta eksamen, og der sette vi søknadsfrist så seint som 15. oktober. Det var for å la deltakarane prøve seg og få erfaring med faget før dei bestemte seg for å søkje.

Arbeidet med å lage undervisningsstoffet fordelte vi som vart hovudlærarar, Knut Bryn (DIS), Rune Nedrud (NSF) og meg sjølv mellom oss. Vi spelte inn ein god del korte videoførelesingar og laga oppgåver av forskjellige slag, der fleirvalsspørsmål (kvissar) knytt til det faglege innhaldet, førelesingane og pensumstoffet, var det meste systematiske. Eg har elles oppretta ein eigen youtubekanal og lagt ut eine førelesinga mi der, om bygdebøker som sakprosa- eller fagboksjanger. Den er ein del av ein velkomstmodul vi laga, med heilt grunnleggjande innføringsstoff.

Ei utfordring vart å nytte ein ny LMS (læringsplattform), Canvas, som nok er meir fleksibel enn den vi (HVO) har brukt i snart 15 år, Fronter. Men vi sakna brukarrettleiingar.

Vel, det meldte seg etter kvart over 700 deltakarar, men mange av dei var berre innom kort tid utan å sjå på anna enn nokre få videoar og kanskje prøve seg på ein kviss eller to. Litt over 70 søkte og fekk opptak på eksamensvarianten, men oppgåvene vart kanskje vel krevjande sjølv om dei fekk rettleiing frå erfarne slektsgranskarar (Knut, Rune og fire andre). Fråfallet var dermed betydeleg, det stod att litt over 40 som leverte oppgåvene i eksamensmappa.

Før jul sendte vi så ut ei spørjeundersøking til alle registrerte deltakarar, for å finne ut kva dei meinte om tilbodet. Resultatet ligg ikkje føre enno. Eg skal så skrive ein meir formell rapport frå prosjektet, før det blir teke standpunkt til om kurset blir køyrd oppatt og  / eller om vi får utvikle eit påbyggingskurs. Den rapporten kjem eg til å legge ut på Academia-nettstaden min.