fredag 8. januar 2016

Slektsgransking (SlektsMOOC)

2015 gjekk unna, det vart for travelt med andre oppgåver enn å skrive her. Skal prøve å skjerpe meg.

Vårsemesteret gjekk med til å gjennomføre to emne med lokalhistorie (HI204 og HI100), og å utvikle emnet SlektsMOOC, der eksamensvarianten vart SLG121MOOC (7,5 stp.), i samarbeid med Norsk Slektshistorisk Forening (NSF) og DIS-Norge Slekt og Data. Dette vart eit krevjande prosjekt. Vi la rammene for det faglege innhaldet i fjor vår og lanserte det 15. juni. Tilbodet vart ikkje annonsert, men spreidde seg sjølvsagt raskt gjennom sosiale medier.

Hovudutfordringa også her vart å produsere innhald for ei deltakargruppe der vi ikkje kunne rekne med å ha tovegs kontakt med anna enn ein del: dei ivrige og interesserte, og der bakgrunnskunnskapen varierte frå absolutt blank (ikkje ein gang studiekompetanse) til lang røynsle med faget.

Vi kunne ikkje ha arbeidskrav anna enn for dei som ville ta eksamen, og der sette vi søknadsfrist så seint som 15. oktober. Det var for å la deltakarane prøve seg og få erfaring med faget før dei bestemte seg for å søkje.

Arbeidet med å lage undervisningsstoffet fordelte vi som vart hovudlærarar, Knut Bryn (DIS), Rune Nedrud (NSF) og meg sjølv mellom oss. Vi spelte inn ein god del korte videoførelesingar og laga oppgåver av forskjellige slag, der fleirvalsspørsmål (kvissar) knytt til det faglege innhaldet, førelesingane og pensumstoffet, var det meste systematiske. Eg har elles oppretta ein eigen youtubekanal og lagt ut eine førelesinga mi der, om bygdebøker som sakprosa- eller fagboksjanger. Den er ein del av ein velkomstmodul vi laga, med heilt grunnleggjande innføringsstoff.

Ei utfordring vart å nytte ein ny LMS (læringsplattform), Canvas, som nok er meir fleksibel enn den vi (HVO) har brukt i snart 15 år, Fronter. Men vi sakna brukarrettleiingar.

Vel, det meldte seg etter kvart over 700 deltakarar, men mange av dei var berre innom kort tid utan å sjå på anna enn nokre få videoar og kanskje prøve seg på ein kviss eller to. Litt over 70 søkte og fekk opptak på eksamensvarianten, men oppgåvene vart kanskje vel krevjande sjølv om dei fekk rettleiing frå erfarne slektsgranskarar (Knut, Rune og fire andre). Fråfallet var dermed betydeleg, det stod att litt over 40 som leverte oppgåvene i eksamensmappa.

Før jul sendte vi så ut ei spørjeundersøking til alle registrerte deltakarar, for å finne ut kva dei meinte om tilbodet. Resultatet ligg ikkje føre enno. Eg skal så skrive ein meir formell rapport frå prosjektet, før det blir teke standpunkt til om kurset blir køyrd oppatt og  / eller om vi får utvikle eit påbyggingskurs. Den rapporten kjem eg til å legge ut på Academia-nettstaden min.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar