mandag 23. mai 2016

Om å få til ei busetnadshistorie utan offentleg fullfinansiering

Dei aller fleste busetnadshistorieverk har nok vore fullfinansiert av den kommunen verket skal dekke helt eller delvis. Nokre få kan ev. ha hatt finansiering  av ein lokal sponsor, t.d. ein sparebank. Problemet har ofte vore at det er vanskeleg å vete kor store kostnader slike prosjekt fører med seg, sjølv om det har vore prøvd å lage forprosjekt med slike kalkylar, jf. eit eg har prøvd på for Stryn (pdf). Offentleg eller private sponsorar vil gjerne ha eit samla budsjett før dei yter støtte i nemnande omfang.

I utgangspunktet må ein nok, viss ein skal utføre alt arbeid innanfor slike prosjekt berre mot betaling (noko som neppe har vore gjort nokon stad), rekne med mange millionar berre i i lønskostnader. På grunn av at trykkekostnader har gått nokså mykje ned dei siste tiåra kan ein truleg rekne med at trykking kan dekkjast av boksal. Ulempa her er sjølvsagt at trykkekostnadene må betalast før ein får inntektene av boksalet i fullt omfang.

Korleis kan ein så kome i gang med eit slikt prosjekt utan sikra fullfinansiering frå offentleg eller sponsorhald - det er det eg har tenkt å reflektere litt kring her.

For det første, det eg har lagt til grunn i alle dei forprosjektrapportane eg har skrive dei siste 20 åra er at så store prosjekt bør splittast opp i delprosjekt. Viss fleire slike delprosjekt så kan gjennomførast dugnadsbasert, kan ein kanskje legge fram konkret dokumentasjon på delar av dei samla kostnadene, og det kan vere lettare å få bidrag frå sponsorar.

Eg ser for meg at ein kan prøve seg med t.d. seks slike delprosjekt fram til eit slikt bokverk er klart for trykking.

1. Dataregistrere ope tilgjengelege kjelder

Dette må vere grunnmuren i alle slike prosjekt, og eg legg til grunn at ein bør nytte nytte dataprogrammet BSS til å ordne og systematisere personinformasjonen etter at kjeldene er digitaliserte. Dette gjeld alle kjelder med vital personinformasjon som er ope tilgjengeleg (ikkje-klausulerte), i alle fall frå kyrkjebøker og sivile registreringar av vitaldata (t.d. ymse fødsels-, dødsfalls- og vigselsmeldingar), manntal og folketeljingar, dødsbuskifta fram til eit tidspunkt m.m.. Det er elles ein stor fordel at ein alt i dag kan få folketeljingane 1801, 1865, 1900 og 1910 overført frå Digitalarkivet, medan 1875 er i arbeid. Teljingane frå 1891 og truleg 1920 når den tid kjem må registrerast lokalt som del av prosjektet.

Alle slike registreringar bør gjerast i samsvar med dei standardane som Arkivverket har utvikla, HISTFORM og Kyrre. Da kan registra leverast til Digitalarkivet og publiserast i Digitalpensjonatet, til glede for mange slektsgranskarar. Ei stadig tilvekst av slike data til eit område som vil ha eit busetnadshistorieverk kan sjølvsagt oppfattast som å vere til skade for eit avsluttande boksal, men det tvilar i alle fall eg på - eg trur det vil vere god marknadsføring av bokverket.

Dette delprosjektet kan og bør gjerast som dugnadsprosjekt, ikkje berre for å spare pengar, men og for å bygge eigarskap til stoffet og prosjektet. Slik detaljbasert arbeid med informasjon om eiga heimtrakt, slekt, gardar og plassar kan godt verke motiverande, særleg om ein klarer å organisere det som gruppearbeid (lesing - inntasting - korrektur). Har ein tilgang til midlar, t.d. til sysselsetting, bør ein sjølvsagt supplere med engasjert personale, men det er ikkje nødvendig.

2. Importere kjeldene i BSS og klargjere for lenking

Alle digitaliserte kjelder må, av omsyn til effektiv søking, omformaterast og importerast i BSS-databasen. Klargjeringa består av å normere (normalisere) person- og bustadnamn. Dette er ein eigen funksjon i BSS som koplar bokstaveringa i dei registrerte kjeldene til normerte former («Olle», «Ole», «Oluf» osv. til ei normert form «Ola»). Ved søk på Ola får ein da treff på alle originalformene og kan slå opp og sjekke desse.

Omformateringa og importeringa må gjerast av leverandøren av BSS (Snøhetta forlag a.s), og kostnaden heng saman med omfanget av kjelderegistreringar (tal på postar i dei forskjellige kjeldene).

Normeringa bør gjerast av den som skal ha hovudansvaret for det neste delprosjektet, lenkinga og utplasseringa av "persongrupper" (familiar) på bustadene. vedkomande bør i alle fall bygge opp kompetanse på namn og namnevariasjonar i området.

3. Lenking og utplassering på bustad i BSS

Den naturlege startpunktet i dette delprosjektet er å begynne å registrere bustadstrukturen i området verket skal dekke i BSS-programmet. Dette er ein enkel funksjon som kan samanliknast med å opprette og redigere ein vanleg mappestruktur i windows.


Rekonstruksjon av familiane går ut på å søke fram dei kjeldehendingane som gjeld ein og same person, markere dei og lenke desse. BSS nyttar så den relasjonsinformasjonen som ligg i kjeldene (frå ein person til foreldre og barn t.d. i dåpshendingar og folketeljingar) til å føre saman (kjerne-)familiane.

Familiane må så plasserast på den eller dei bustaden / bustadane (gard, plass, bustadhus) der dei har budd, helst med periode der dei var hovudfamilie på bustadane (frå årstal til årstal). Når det er gjort genererer BSS automatisk krysstilvisingane, både for familiar og enkeltpersonar som har flytta innafor det området verket dekkjer og leverer trykkeklart manuskript.


Dette er truleg den tyngste delen i eit slikt prosjekt, og den må i prinsippet utførast av ein kyndig enkeltperson ("bygdebokforfattaren") - det er vanskeleg å organisere samarbeid om slikt arbeid. Det er sjølvsagt mulig at ein person kan gjere denne jobben på same måte som for eit par generasjonar sidan: som pensjonistarbeid, men det er nok mest realistisk å kalkulere med at det må betalast for.

Det vil likevel vere muleg å få oversikt over omfanget av dette arbeidet ut frå ein prosedyre der personen arbeider ein periode med stoffet og målet tid og talet på einingar ho eller han rekk å behandle. Men da må arbeidet avgrensast til nettopp det å lenke saman personar og utplassere familiane på bustadene. Det vil som oftast vere same person som og skriv det som skal med i neste delprosjekt:

4. Historie knytt til gardar og grender

Det må vurderast korleis delane med bustad- og familieinformasjon skal supplerast med historieforteljing om dei enkelte bustadane («gardshistorie» om gardar, plassar, bustadhus). Det same gjeld om verket skal ha forteljing som omfattar større område (grender, bygdelag).

Den klassiske måten å skrive gardshistorie på vart utvikla av Andreas Holmsen i 1930- og 40-åra, og presentert på Bygdesogekurset i Trondheim i 1948, side 63-100 i den trykte rapporten. Ein ny modell, der gardshistorie vart avløyst av grendehistorie, vart presentert i Totens bygdebok bd. IV (1984) og drøfta i Heimen hefte 4, 1985. Fleire har seinare kombinert forteljingar både på eit grende- og gards- / driftseinings / bustadnivå, men det er neppe lenger muleg å skrive gardshistorie heilt etter Holmsens oppskrift - det vil nok ta for lang tid. Enkelte element, som t.t. den "arbeidshistoria" Holmsen la stor vekt på, er det heller neppe lenger muleg å kome særleg inn på, av mangel på tradisjonsberarar.

Etter mi meining er det elementet ein absolutt bør ha med er ei skildring av etablerings- og bruksdelingshistoria for kvar bustad: når den kom til, enten det var som nyrydding i forhistorisk tid, ved deling av eit gardsbruk på 17- eller 1800-talet, som husmannsplass i utmarka på 1800-talet osv. osv. I tettbygde strøk, med moderne villabusetnad, må dette sjølvsagt bli ei nokså enkelt framstilling, medand et for gamle, mangbølte gardar kan krevje meir plass (og arbeid).

Det er gjeve ut bøker som berre inneheld slekts- og familieopplysningar og forteljande historie berre knytt til personar og familiar. Slike blir gjerne definerte som reine slektshistorieverk og kan vere disponert på ymse måtar. Dei fell utanom det eg drøftar her. Men ein variant er ikkje heilt uvanleg: ein splittar bustad- og person-/familieinformasjonen i kvar sine bind. Det har t.d. ein av nestorane innan faget, Ståle Dyrvik, gjort i verket Etnesoga, det band III-V er ættesoge utan gardshistorie. Også verket Ørstinar av Bjørn Jonson Dale er førebels berre utgjeve med person- og familiehistorie. Felles for desse er likevel at familieinformasjonen er organisert etter bustader med krysstilvisingar, på same måte som BSS-programmet gjer.

Sjå gjerne også mine tankar om slike forteljingar i dynamisk form.

5. Illustrasjonar

Slike verk bør illustrerast, både med gamle og gjerne nye bilde, og dei bør ha kart som minimum viser kvar alle bustadane som er behandla ligg innafor området. Dette er særleg viktig for bustader som er komne bort, min erfaring er i alle fall at å sjå staden tidlegare generasjonar budde og arbeidde på er viktig for mange, sjølv om terrenget er sterkt endra.

Dette delprosjektet er heilt klart noko som bør gjerast som dugnad. Å arbeide med gamle bilde er t.d. særs motiverande ikkje berre for eldre folk, det viser dei mange gruppene og sidene på sosiale medium (t.d. Facebook) med slike tema.

6. Person- og bustadinformasjon for dei siste generasjonane

Utfordringane med dette arbeidet har eg skrive om i denne artikkelen (manus) frå 2008. Merk at den er frå ein tidlegare informasjonsteknologisk periode; i dei siste åra har vi fått lett og (tilnærma) gratis tilgang til samskrivingsverktøy (wiki), sosiale medium (Facebook m.m.) og skylagring (Dropbox, Google Drive). Desse må takast i aktivt bruk også i bygdebokprosjekt, mellom anna ved å utforme nettbaserte registreringsskjema for hushalda.

Erfaringane med slike skjema frå tidlegare prosjekt er likevel blanda. Skjemaa har stort sett vore papirbaserte og utsendt i posten for returnering innan visse fristar osv. Men ofte har svarprosenten vore låg og kvaliteten på svara variabel, noko som har ført til betydeleg etterarbeid for forfattar og bygdeboknemnd. Dessutan har det ofte gått lang tid frå skjemaa var utfylte til bøkene kunne gjevast ut, slik at informasjonen ikkje var ajour.

Eg trur derfor det beste nok er å gjere som dei gjorde da dei tok opp folketeljingane: ein solid person i lokalsamfunnet, ofte ein lærar, gjekk frå heim til heim og fylte ut skjemaet som Statistisk Sentralbyra hadde sendt ut. Byrået hadde sendt med grundig innføring i kva som skulle stå i dei enkelte rubrikkane, noko vi har glede av den dag i dag. Folketeljingane skulle takast opp ein bestemt dato. Det gjekk nok ikkje mange stader, men i løpet av nokre veker var det komplette bildet av kvar teljekrets (og heile landet) registrert.

Klarer eit bygdebokprosjekt å gjere denne innsamlinga på same måten, helst ved at ein "solid person" (frivillig) besøker folk i heimane og fyller ut eit nettbasert skjema saman med dei det gjeld, trur eg vi kan få det beste resultatet. Men ein må ikkje gløyme at slik skjemautfylling er meir komplisert enn folketeljingane var; no må ein prøve å få samla "longitudinell" informasjon for kvar heim: kven budde der før den noverande personen eller familien, og gjerne før der igjen osv. med så detaljerte vitaldata som muleg.

Også dette delprosjektet kan og bør altså gjerast som dugnad, men her må ein altså vente til ein ser slutten på prosjektet. Manuskriptet til dei andre delane i verket må vere rimeleg komplette, slik at ein i siste fase kan konsentrere seg om å få på plass nettopp denne informasjonen, som må betraktast som "ferskvare" liknande folketeljingane. Den innsamla informasjonen må så overførast til delprosjekt 3 for ferdiggjering av manus av "bygdebokforfattaren" - denne delen vanlegvis som lønna arbeid.

Eit siste element under dette delprosjektet er kvalitetssikring. Mine erfaringar peiker eintydig i retning av at når informasjonen er kome inn og i systemet, må det køyrast ut eit manus som blir distribuert til alle husstandane i området for sjekk. Dette bør gjerast med relativt kort svarfrist, t.d. 3 veker, der det blir opplyst at etter fristen er ute går manuskriptet ti trykking og da er det for seint å gjere rettingar.

Trykking, sal og distribusjon

Dette kunne for så vidt vore ført som eit eige delprosjekt, men i finansieringssamanheng kan det truleg haldast utanfor, i alle fall viss ein kan få t.d. ein kommunal garanti til å dekkje sjølve trykkinga, som jo må betalast før hovuddelen av inntektene frå boksalet kjem inn.

Eit moderne fenomen slike prosjekt nok bør vurdere, men som eg ikkje har erfaring frå, er folkefinansiering.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar