onsdag 1. juni 2016

Om skrivemåten av namn i bygdebøker

Ei av dei vanlegaste drøftingstema eg har vore gjennom i alle dei busetnadshistorieverk eg har vore borti i dei 35 åra eg har vore involvert i sjangeren, er korleis namn, både personnamn og stadnamn skal skrivast. Blant stadnamna gjeld det særleg ei form: namn på gardar, gardsnamn.

Dette temaet er det mange som har sterke meiningar om, noko vi kan sjå langs offentlege vegar: namneskilt utsette for hærverk (overmaling o.l.) fordi "nokon" meiner å vete at det stadnamnet som står er "feil". Diskusjonane dukkar òg ofte opp når det kjem nye utgåver av kart, eller når stadnamn blir behandla av stadnamntenesta i Språkrådet.

Stadnamn er verna av eigen lov som språklege kulturminne (§ 1), og eg legg dei prinsippa som loven bygger på til grunn for mitt historiefaglege arbeid. Det betyr at eg ikkje vil kunne ta på meg skriveoppdrag der ein oppdragsgjevar pålegg meg å skrive stadnamn i strid med lova; stadnamn, også gardsnamn, skal skrivast med "utgangspunkt i den nedervde lokale uttalen" (§ 4).

Hovudgrunnen til usemja er at folk blandar saman måten eit namn blir skrive på som stadnamn med korleis same namnet blir skrive som slekts- eller familienamn. Det heng gjerne saman med at slekts- eller familienamn ofte er skrive med utgangspunkt i eldre skriftformer som har vore brukt i eldre offentlege dokument, t.d. eigedomsdokument (skjøte) eller når stadnamna er brukte som personlege etternamn i kyrkjebøker og folketeljingar. Eit par døme frå Lesja er "Eneboe" for Einbu og "Tøndevold" for Tynnøl.

Måten stadnamn har vore skrive på i slike dokument har folk hatt stor respekt for. Eg har høyrt for mange fornuftige personar seie at namnet "eigentleg" er ei gamal skriftform, ikkje slik det bør skrivast etter den lokale uttalen. Merk det eg skriv her: "ei gamal skriftform". For det finst nemleg som regel mange slike gamle skriftformer av tilnærma alle gamle gardsnamn.

Når om lag 70 % av alle norske slektsnamn er opphavlege gardsnamn, som er verna av lova som kulturminne, kjem det derfor ofte opp konfliktar om korleis gardsnamna skal skrivast i bygdebøker. Da er det prinsippet eg følgjer at ein sjølvsagt skal skrive namnet som familienamn slik einkvar vil sjølv. Men som gamalt gardsnamn skal det skrivast i samsvar med stadnamnlova.

Personnamna (for- og etternamn) er det mindre konflikt om, men også der kan det kome opp usemje. Eit forhold er korleis folk i dag skrive familienamna sine, eit anna er kva som skal reknast som etternamn til ein person i litt eldre tid. Det var først i 1923 at det kom lovpålegg om at alle innbyggjarar i Norge skulle ha faste etternamn, det vi seie familie- eller slektsnamn. Etter ein periode over eit par generasjonar hadde gardsnamna, som etternamn i kyrkjebøker o.a., gått over til å feste seg som slektsnamn, som ein del av den vanlege samfunnsutviklinga, særleg flytting til byane. Tidlegare var slike namn adressa, dei viste til staden personen budde, og viss ho eller han flytta vart vedkomande ført inn med det nye gardsnamnet som etternamn i kyrkjeboka eller andre offenteleg dokument.

Eit godt prinsipp for føring av etternamn på personar som var vaksne før 1923 i bygdebøker og andre samanhengar er å bruke gardsnamnet skrive etter den lokale uttalen viss det ikkje kan dokumenterast at vedkomande sjølv skreiv namnet i ei bestemt form. Kva namneform andre har brukt er i den samanhengen ikkje relevant. (Det er rett nok også betydelege variasjonar i korleis folk skreiv namnet sitt sjølve etter 1923, så heilt enkelt er ikkje dette.)

Fornamnet er det siste punktet eg vil nemne. Heldigvis var tradisjonane sterke på dette feltet - barn skulle oppattkallast etter nokså faste mønster langt oppover mot vår tid. Dermed vart ikkje variasjonane så store. Men skriveforma, særleg i kyrkjebøkene, er sterkt prega av at prestane var utdanna i Danmark, og dei heldt fram med å skrive dansk langt utover 1800-talet. Gode norske fornamn som Ola var til Ole, Martin til Morten, Per til Peder osv. (det ser ut til å vere mindre avvik på jentenamna, anna enn ekstra h-ar i Marith, Brithe o.a.). Her bør ein etter mitt syn òg normere fram til ein veit kva folk sjølve skreiv.