tirsdag 15. november 2016

Dugnadsprosjektet med registrering av kjelder for Grytten, Hen og Vågstranda

Sidan før sommaren har eg vore involvert i eit samarbeidsprosjekt med Rauma historielag som førebels går ut på å dataregistrere kyrkjebokinformasjon for dette området ved hjelp av gratisprogrammet Augustus frå Slekt og Data.

Historielaget har oppretta eit meir ambisiøst prosjekt, men min involvering er førebels kopla til eit større nasjonalt prosjekt eg har vore med i nokre år, Norsk historisk befolkningsregister (HBR), der resultata frå registreringane vil gå inn. Lenka går elles til den opne delen av HBR, men totalprosjektet er meir omfattande - mellom anna er intensjonen å kople dei opne historiske dataa til den nasjonale folkeregisteret for å kunne forske på ymse tema med slike longitudinelle data. Mi deltaking i HBR er altså med avgrensa databasar som er bygde opp med dataprogrammet BSS, slik eg har vore inne på i dette innlegget, og eg vonar eg kan få bygd opp eit slikt register for Grytten, Hen og Vågstranda i Rauma kommune.

Historielaget har altså bygdebok av busetnadshistoriesjangeren som mål. Det klarer dei (vi) kanskje å få til, men det er ein lengre veg dit, særleg økonomisk. Det vi no er i gang med - registrering av kyrkjebøkene (og gjerne andre tilsvarande kjelder) - kan fullførast på dugnadsbasis, og det er heilt nødvendig å ha denne grunnmuren på plass før ein kjem særleg lenger (det er sjølvsagt òg andre oppgåver som kan løysast på dugnad, t.d. innsamling av bilde og andre illustrasjonar, slik eg har vore inne på i dette innlegget).

Men det er altså "grunnmuren" vi bygger nå, og det er ikkje så reint få interesserte som er blitt med, jf. denne (lukka) facebook-gruppa. Dei tar etter kvart på seg kvar si liste frå dette utvalet - og det er nok å ta av.

Når så dei enkelte listene (døypte, vigde, gravlagde osv.) er ferdig registrerte og i alle fall sett over / korrekturleste, blir dei publiserte på Digitalarkivet sitt "pensjonat" under sitt eige namn (døme Solveig og Grete). Eit samla oversyn får ein via Digitalarkivet sin funksjon "Finn kilde", og det gir dette resultatet (for kyrkjebøker, men det er og mange andre kjelder der, særleg folketeljingane).

Ikkje alle som startar opp er like fortrulege korkje med programmet (Augustus) og lesing av eldre handskrift. Til det formålet nyttar vi Teamviewer, eit nyttig gratisprogram der vi koplar oss saman og hjelper kvarandre. Og viss ikkje det går bra, spør vi ekspertane på forumet for kjeldetyding på Digitalarkivet. Det er det mangre heilt fabelaktig flinke hjelparar - vi må bare hugse å takke dei!


2 kommentarer:

  1. Ser ut til at lenka til det samla oversynet via Digitalarkivet sin funksjon "Finn kilde" ikkje fungerer i nst siste avsnitt. Prøv denne varianten: http://tinyurl.com/Ferdige-publDA-DP

    SvarSlett
  2. Etter omlegginga i Digitalarkivet før sommarferien er stort sett alle lenker til faste sider borte... Skal kome tilbake, men har ikkje høgaste prioritet.

    SvarSlett