tirsdag 13. februar 2018

Om omfanget av busetnadshistorie sidan først på 1900-talet

At den klassiske busetnadshistoria lever vidare kan ein lese av Norsk lokalhistorisk institutt sin bibliografi (gå inn kommunevis).

Eg har nettopp gjort eit forsøk på å sortere frå og legge saman alle verk som er nemnde i desse bibliografiane (og i andre kjelder, særleg Oria/Bibsys) og som kan kallast busetnads- eller gards- og slektshistorie. Der har eg brukt titlane, som i dei fleste tilfelle er eintydig. I tillegg har eg sjekka innhaldet i dei titlane som er mindre presise og som er publiserte på Nasjonalbiblioteket (bokhylla.no), og i dei som berre har metadata har eg "godtatt" dei som har emne "gårdshistorie" + "slektshistorie" osv. i Oria (Bibsys).

Det førebelse resulatat er at det per i dag (februar 2018) er gjeve ut over 1460 bind på til samen neste 820.000 sider eller ca. 561 sider per bind i snitt. Da har eg til ein viss grad tatt omsyn til at ein del verk har kombinerte allmenn- og busetnadshistorie-innhald, og har rekna frå den allmennhistoriske delen i sidetalet.

Og NB: dette er framleis minimumstal. Det er nok komne ut slike bøker som ikkje er blitt fanga opp av NLI, som jo heller ikkje operere med dei to delsjangrane, og som sikkert ikkje har fått inn alle utgjevingane som kom før jul i 2017.

Førebels resultat av undersøkinga, talet på boksider fordelt på fylke:

Førebels resultat av undersøkinga, publisert sidetal fordelt på femårsperiodar etter 1970: